Artistar

ARTISTAR

Foto: Frida Fliflet

Foto: Heiko Purnhagen

Foto: Marius Beck Dahle

Foto: Agnete Brun

Foto: Miquel Seguí

Foto: Hans Jørgen Brun

Foto: Øyvind Eide

Foto: Tove Breistein

Foto: Marius Beck Dahle

Foto: Tove Breistein

Foto: Agnes Brun

Foto: Veronica Pilskog

Foto: Kristian Fuglset

Foto: Privat

MORTEN BOLLERUD LAURDAG

Morten Bollerud jobbar som kordirigent, organist og lærar. Han har spelt inn to plater, medverka på mange andre, og har deltatt på mange festivalar og konsertar av ymse slag. Morten studerte musikk ved Høgskulen i Volda og tok bachelor i tango i 2010, og har også vore primus motor for ein tangofestival i to år. Han bur i Volda, og kjem opphaveleg frå Kongsberg-traktene.

 

 

MIKI CAMPINS LAURDAG

Miki Campins (fødd på Mallorca i 1979) byrja med å spele klassisk og moderne gitar, men hoppa raskt over til trommesett og klassisk slagverk. Han studerte ved konservatoriet Conservatori de música i dansa de les Illes Balears under Paco Videco, men fekk óg undervisning frå mange andre innanfor klassisk slagverk, trommesett og etnisk perkusjon. Miki tok bachelor og master i perkusjon ved Högskolan för scen och musik i Gøteborg. No underviser han i slagverk i Ålesund og er frilans musikar. www.mikicampins.com

 

 

KATO NOGVA FLEM FREDAG

Kato Nogva Flem (f. 1989) er frå Flemsøya i Haram kommune, og tok mastergrad i utøvande musikk, piano, ved Griegakademiet i 2014. Før ferda gjekk til Bergen, gjekk han musikklinja ved Fagerlia vidaregåande skule i Ålesund. Kato byrja å spele piano i kulturskulen som sjuåring, og han deltok mange gonger i UKM, både lokalt og på fylkesnivå, noko som også førte han til landsmønstringa i Trondheim. Som ungdom fekk han «Drømmestipend» frå Norsk kulturskoleråd og stipend frå Haram kulturfond. Kato Nogva Flem har spelt på meisterklasse med m.a. den verdskjende russiske pianisten og pedagogen Oxana Yablonskaya frå Juliard School of Performing Arts. Kato er frilans musikar og konserterer både som solopianist, kammermusikar og akkompagnatør, og er denne våren tilsett som akkompagnatør ved Manger folkehøgskule. www.pianist1.no

 

 

GABRIEL FIFLET TORSDAG

Gabriel Fliflet er ein fargerik musikar og musikkmakar med trekkspel som hovudinstrument og med lang fartstid innan ei rekke ulike former for folkemusikk. Han vart kåra til Årets folkemusikar i 2011. Mange kjenner Gabriel Fliflet frå hans samarbeid med trommeslagar Ole Hamre i duoen Fliflet/Hamre, eller frå hans prosjekt basert på eigne bestillingsverk. Blant desse er Åresong, som han laga saman med Jon Fosse til Festspillene i Bergen 2010. Valseria frå 2013 er ein hyllest til valsen og tretakten, og det var her Jorun Marie og Gabriel begynte samspelet. www.gabrielfliflet.no

 

 

MARIT KALDHOL LAURDAG

Marit Kaldhol (f. 1955) har sidan debuten i 1983 gitt ut ei rekkje prislønte bøker for barn, ungdom og vaksne. Kaldhol er utdanna lærar og har undervist i grunnskolen og vidaregåande skole. Forfattarskapen hennar er rik og variert, og inneheld både biletbøker for små barn, lettlesbøker, drama, bøker for større barn og ungdom i tillegg til dikt og romanar for vaksne. Ho debuterte med diktsamlinga Lattermilde laken i 1983 og har fått fleire internasjonale barneprisar for biletboka Farvel, Rune (1986). Boka er blitt ein klassikar innanfor biletboksjangaren, og er omsett til tolv språk og m.a. utgitt i Japan, USA og Canada. Kaldhol har seinare fått Kultur- og kyrkjedepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur for ungdomsbøkene Kino og romanen søkeord: ayotzintli. Ho er nominert til same prisen for ungdomsboka Z for sorry som kom ut i 2017.

www.samlaget.no

 

 

METTE KARLSVIK LAURDAG

Mette Karlsvik (f. 1978) debuterte i 2005 med romanen Vindauga i matsalen vender mot fjorden, som ho fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for. Ho har sidan skrive både for barn og vaksne, og til fulle vist at ho er ein av dei mest spennande unge forfattarane i Noreg. I 2012 fekk ho både Bokhandlarstipend, Stig Sæterbakkens minnepris og Skien kommunes kunstnerstipend. Romanen Bli Björk (2011) vart nominert til Brageprisen. Forfattarskapen hennar er kjenneteikna av eit unikt blikk på verda, eit blikk som famnar alt frå det mikroskopiske til det globale, gjerne i éi rørsle og setning. Karlsvik er frå Frei på Nordmøre og bur i Oslo.

www.samlaget.no

 

 

OVE KVANGARSNES FREDAG

Ove Kvangarsnes har sidan 1985 vore med i Ålesund strykekvartett. Strykekvartetten fekk Ålesund kulturpris 2017. Kvangarsnes har i tillegg til sitt pedagogiske og utøvande virke i Ålesund kulturskule hatt engasjement i Kringkastingsorkesteret, Oslo-Filharmonien og ved Den Norske Operas orkester. Som solist har Ove Kvangarsnes m.a. hatt jamleg samarbeid med pianist Jan Hovden og gjort ulike duokonsertar i Møre og Romsdal.

 

 

JORUN MARIE KVERNBERG TORSDAG

Jorun Marie Kvernberg spelar fele, hardingfele og harpeleik og er ein av landets beste folkemusikarar. Ho har vunne Spellemannprisen to gonger og er den einaste som har vunne den ærerike EDVARD-prisen for komponering i sjangeren folkemusikk. Kvernberg er sentral i fleire av Noregs fremste folkemusikkgrupper: I den priskrona felekvintetten Majorstuen, trioen Tindra og Unni Boksasp Ensemble. Dei siste åra har ho også dyrka solospelet, og fått stor respekt for sin lysande, kraftfulle tone, sin virtuositet og for djerv musikalsk nyskaping.

www.jorunkvernberg.com

 

 

HILDE MYKLEBUSTLAURDAG

Hilde Myklebust (f. 1979) er frå Syltedalen på Sunnmøre. Ho debuterte med diktsamlinga Berre dagar seinare i 2005 og etablerte seg for alvor blant dei fremste unge lyrikarane i Noreg med Søkk i 2008. Felles for dikta til Myklebust er at naturen, og alt det som lever der, alltid er nærverande. Myklebust har bakgrunn frå Skrivekunstakademiet i Hordaland og har studert litteratur- og teatervitskap ved Universitetet i Bergen.

www.samlaget.no

 

 

KYRRE EIKÅS OTTERSEN LAURDAG

Kyrre Eikås Ottersen kom direkte frå skodespelarutdanning ved Bergen Teaterskole til eit engasjement ved Sogn og Fjordane Teater i 1995. Han har hatt fast stilling ved teateret sidan 1996. Kyrre har hatt engasjement ved Det Samiske Nasjonalteatret Beaivváš og Teater Innlandet, og er ein allsidig skodespelar.

 

 

MARIA PARR LAURDAG

Maria Parr (f. 1981) er norsk barnelitteraturs superstjerne! Ho debuterte med Vaffelhjarte i 2005, og fekk sitt store gjennombrot med Tonje Glimmerdal i 2009, som ho fekk Brageprisen, Teskjekjerringprisen og Kritikarprisen for. Bøkene til Parr er omsette til mange språk, og ho har også vunne ei rekkje internasjonale prisar. Ho har blitt samanlikna med både Johanna Spyris (Heidi) og Astrid Lindgren. Parr er frå Fiskå i Vanylven. Ho har mastergrad i nordisk litteratur frå Universitetet i Bergen, og er utdanna lærar.

www.samlaget.no

 

 

ØYSTEIN SALHUS FREDAG / LAURDAG

Øystein Salhus er utdanna fiolinist frå Bergen Musikkonservatorium, og som frilans musikar spelar han i mange samanhengar. Han er tilsett ved Høgskulen i Volda der han underviser i musikk. Tidlegare har han arbeidd mange år som musikkterapeut i Helse Midt-Norge.

 

 

WILHELM STØYLEN LAURDAG

Wilhelm Støylen har lese for born på Litteraturhuset i Oslo i fleire år, og har no faste lesestunder ved Sogn og Fjordane teater ein gong i månaden. Som skodespelar har han jobba for mange teater og teatergrupper i inn- og utland, og han var nyleg å sjå i filmen «Karsten og Petra lagar teater». Til hausten skal han vere med i oppsetjinga Nasjonal Prøve ved Sogn og Fjordane Teater. Støylen er også kjend som programleiar i NRK, m.a. i Barne-TV, Norgesglasset og NRK Møre og Romsdal / Sogn og Fjordane.

 

 

JAN INGE SØRBØ LAURDAG

Jan Inge Sørbø (f. 1954) er litteraturvitar, forfattar og journalist frå Bru i Ryfylke. Han er professor ved Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda. Han debuterte som skjønnlitterær forfattar med diktsamlinga Lågt skydekke i 1986 og har seinare skrive ei rekkje bøker i fleire sjangrar. Han har mellom anna skrive kritikarroste biografiar om Ronald Fangen, Alfred Hauge og Hans Skjervheim og romanar baserte på liva til Alexander Kielland, Ludvig van Beethoven og Fartein Valen. I 2009 ga han ut Ørneflukt og ormegard – ein kritikarrost biografi om Olav Aukrust, og i 2010 kom Lyset frå fars ansikt. Refleksjonar ved livets slutt.

www.samlaget.no

 

 

ØYSTEIN VIDNES LAURDAG

Øystein Vidnes (f. 1976) er designar, forfattar, omsetjar og illustratør. Han er opphavleg utdanna litteraturvitar og var med å starte mikroforlaget Gasspedal i 2000. Mellom 2005 og 2013 var han designaren bak kulturtidsskriftet Vagant. Han lagar bokomslag og bøker for forlag i Noreg og Danmark. Han er no basert i Leikanger i Sogn, men arbeider i periodar også i Oslo og Berlin. Vidnes har vunne fleire prisar i kåringa Årets vakreste bøker. I 2015 fekk han tildelt gull for utforminga og illustrasjon av romanen MS Liv av Rolf Sagen. Øystein Vidnes fekk Kritikarprisen for beste omsetjing 2017.

www.skald.no

 

 

 

 

 

 

ÅRAMPLUSS

 

 

Ein festival med musikk og litteratur.

Gode kulturopplevingar for publikum i alle aldrar. Konsertar, boklansering, familiearrangement, forfattarmøte, høgtlesing, foredrag.

 

BILLETTSAL

 

ÅRAMPLUSS festivalpass

torsdag 24. - laurdag 26.5.2018

850 NOK

 

ÅRAMPLUSS festivalpass

torsdag 24. - laurdag 26.5.2018 Kulturrabatt for ungdom 15-20 år

630 NOK

 

ÅRAMPLUSS dagspass

laurdag 26.5.2018

500 NOK

KONTAKT

post@arampluss.no

 

Åshild Widerøe, festivalsjef,

tlf. 93021742

 

Festivalen er organisert som ei foreining med ideelt føremål.

 

#arampluss

Copyright @ All Rights Reserved