Program

ÅRAMPLUSS PROGRAM

Torsdag 24. mai

-------

19.00

Konsert i Åram kyrkje

Jorun Marie Kvernberg (fele) og Gabriel Fliflet (trekkspel)

Festlege folketonar som smyg seg inn, og ny musikk laga av musikarane sjølve. Gabriel Fliflet er ein fargerik musikar med trekkspel som hovudinstrument.

Jorun Marie Kvernberg spelar fele, hardingfele og harpeleik, og er ein av landets beste folkemusikarar. Konserten er i samarbeid med Møremusikarane

Kr 300 / Kulturrabatt for ungdom 15–20 år kr 225 / barn 6–14 år kr 150

 

 

 

Fredag 25. mai

-------

19.00

Konsert i Åram kyrkje

Kato Nogva Flem (piano), Ove Kvangarsnes (fiolin) og Øystein Salhus (fiolin)

Vakker og melodiøs kammermusikk av kjende komponistar

J.S. Bach: Fiolinkonsert i d-moll. Kvangarsnes, Salhus og Flem

J.S. Bach, bearbeidd av F. B. Busoni: Chaconne i d-moll. Kato Nogva Flem

Kort pause

Chr. Sinding: Romanse nr. 2 op. 79. Kvangarsnes og Flem

César Franck: Fiolinsonate i A-dur. Salhus og Flem

Kr 300 / Kulturrabatt for ungdom 15–20 kr 225 / barn 6–14 år kr 150

 

 

 

Laurdag 26. mai

-------

Litteratur og musikk på Åram skule

 

12.00

Festivalkafé utover dagen ved Grendalaget Åram

 

12.00 – 14.00

Bokmarknad og ope bibliotek

i samarbeid med Skald forlag og Vanylven folkebibliotek

 

12.30

Familiearrangement: Den trufaste venen. Med Wilhelm Støylen og Kyrre Eikås Ottersen

Skodespelarane formidlar Oscar Wilde si klassiske eventyrforteljing.

Ein bokfink fortel til ei vassrotte likninga om den trufaste venskapen mellom Vesle-Hans og Møllaren. Møllaren har all makt i venskapsforholdet.

Kvifor lar Vesle-Hans seg undertrykkje, og kvifor blir Møllaren forguda av alle rundt han? Og kva er ein god venskap?

Dette er spørsmål vi møter i denne forteljinga – spørsmål som er viktige, om ein er liten eller stor, ung eller gamal.

Framsyninga er eit gjestespel frå Sogn og Fjordane Teater

Arrangementet høver for alle frå 3 år.

Kr 100 / Kulturrabatt for ungdom 15–20 år kr 75

 

14.00

Marit Kaldhol og Øystein Vidnes

Litteratur for ungdom og vaksne

Verdas første science fiction-roman: 200 år sidan forfattaren Mary Shelley skreiv første utgåva av romanen om Frankenstein og monsteret hans.

Øystein Vidnes har gitt boka ny språkdrakt. Forfattar Marit Kaldhol kjem på festivalen med nyskriven litteratur. Samtaleleiar: Mona Iren Auganæs.

Kr 200 / Kulturrabatt for ungdom 15–20 år kr 150

 

16.30

Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie

Det Norske Samlaget gir i høve 150-årsjubileet ut storverket "Nynorsk litteraturhistorie"

skrive av Jan Inge Sørbø. I foredraget på ÅRAM PLUSS er det første gong forfattaren presenterer boka etter at ho kom frå trykkeriet.

Kr 200 / Kulturrabatt for ungdom 15–20 år kr 150

 

18.00

Hilde Myklebust og Miki Campins: Boklansering

Lansering av Hilde Myklebust si diktsamling Kvar ein fugl

Gjest: Forfattaren Mette Karlsvik

Poesikonsert med Hilde Myklebust og Miki Campins, perkusjon

I samarbeid med Det Norske Samlaget og Møremusikarane

Kr 200 / Kulturrabatt for ungdom 15–20 år kr 150

 

20.30

Maria Parr: Høgtlesing

Forfattaren les frå si nyaste bok Keeperen og havet

Minnest du korleis det var å bli lesen høgt for då du var yngre? Denne kveldsstunda ønskjer vi å skape den gode opplevinga høgtlesing kan gi, og forfattaren Maria Parr er den som skal hjelpe oss med det. Ho tar oss med til eit nytt møte med Trille og Lena i den vesle kystbygda Knert-Mathilde, som vi blei så godt kjende med i Vaffelhjarte.

Kr 150 / Kulturrabatt for ungdom 15–20 år kr 100

 

21.30 – 22.15

Konsert: Tango med to

Morten Bollerud (trekkspel) og Øystein Salhus (fiolin)

Musikk av den store argentinske tangokomponisten Astor Piazzolla, som den kjende Oblivion, Adios Nonino og Libertango, og tradisjonell tangomusikk som La Cumpersita

Kr 150 / Kulturrabatt for ungdom 15–20 år kr 100

 

 

ÅRAMPLUSS

 

 

Ein festival med musikk og litteratur.

Gode kulturopplevingar for publikum i alle aldrar. Konsertar, boklansering, familiearrangement, forfattarmøte, høgtlesing, foredrag.

 

BILLETTSAL

 

ÅRAMPLUSS festivalpass

torsdag 24. - laurdag 26.5.2018

850 NOK

 

ÅRAMPLUSS festivalpass

torsdag 24. - laurdag 26.5.2018 Kulturrabatt for ungdom 15-20 år

630 NOK

 

ÅRAMPLUSS dagspass

laurdag 26.5.2018

500 NOK

KONTAKT

post@arampluss.no

 

Åshild Widerøe, festivalsjef,

tlf. 93021742

 

Festivalen er organisert som ei foreining med ideelt føremål.

 

#arampluss

Copyright @ All Rights Reserved