­Forfattar Tore Kvæven tar turen frå Øvre Sirdal for å vere med på ÅRAM PLUSS

 

Tore Kvæven ringer oss tilbake frå traktorhytta etter at vi sende ein sms med førespurnad om ein prat. Om vi kan snakkast medan han køyrer, er det ok for han.


Suksessforfattaren og Bragepris-vinnaren trivst tydelegvis med fleire jarn i elden. Han driv gard i Øvre Sirdal med 200 vinterfora sauer. Han har også, inntil nyleg, vore lærar. Han har no sagt opp den faste jobben sin i skulen, men steppar inn som vikar ved høve.

– Eg likar å ha kontakt med miljøet. Naturlegvis kunne ein seie at eg hadde fått skrive meir om eg berre gjorde det. Men for meg fungerer det best med skifte mellom ulike arbeid. Å sitje heile dagen og berre skrive fungerer ikkje så godt, tykkjer eg.

– Du tek gjerne ein skitur også mellom skriveøktene har vi sett på TV?

– Ja. Eller ein joggetur. Fysisk aktivitet er viktig – også for framdrifta i skriveprosessen.

 

Det er boka «Når landet mørknar» som har gitt Tore Kvæven seksarar frå bokmeldarane og den gjeve Brageprisen. Handlinga i boka er lagt til  Grønland på 1200-talet. Der er det nedgangstider for det norrøne samfunnet som vart etablert der. Viktige  råvarer som tømmer og jarn er mangelvare, og jakta gir ikkje lenger det same utbyttet. Mot dette dystre bakteppet skriv så Kvæven fram Arnar, ein ung mann med eit uvanleg pågangsmot, kanskje på grensa til overmot? Saman med kjærasten Eir er han hovudpersonen i boka, som elles er særmerkt av treffande skildringar både av landskap og levemåte. Her er rolege parti med intens naturskildring, men og dramatikk så det held. Og sjølv om bakteppet er dystert, er det ei bok som rømer både lys, varme og vare skildringar.

 

– Kvifor la du handlinga til Grønland? Var det for å formidle norrøn historie eller var det for å fortelje oss noko om meir generelt om mennesket?

– Det var nok helst det siste. Eg sette med mykje inn i vikingkulturen då eg skreiv den første boka mi, «Hard er mi lands lov» - og der var og med folk frå Grønland. Handlinga i den siste boka går føre seg nokre hundreår seinare, men av tenkte eg kunne nytte meg av den kunnskapen eg alt hadde om desse områda, og dei harde krava som blei sette til menneska som levde der. Krav både frå naturen si side, men og frå kulturen og religionen. Det blir ekstremt på fleire vis – og i dette miljøet får vi så vist fram korleis menneska meistrar livet og dei store utfordringane. Det var ikkje heilt enkelt, eg skal medgje det. Det er mykje ein må passe på av detaljar – og språk, ikkje minst. Slik sett skulle ein tru det var enklare om ein valde ein tidsperiode der eit stod friare. Det gjer eg i den neste boka mi. Det er og det ein kan kalle ein dystopi, men no lagt til Australia tretti år fram i tid. Det merkelege er at det slett ikkje er noko lettare, snarare tvert om, seier Tore Kvæven.

 

I slutten av juli kjem altså Tore Kvæven til Åram pluss.

– Eg set pris på å kome ut på slike tilskipingar. Her kan eg møte både lesarar og andre forfattarar. Det er viktig, og noko som eg set pris på, seier Tore Kvæven.

 

Skrive av Vidar Parr for ÅRAM PLUSS. Publisert i Synste Møre 8. juli 2021. 


Arrangement 5

Høgtlesing. Fredag 30. juli kl. 21.00

Fredheim, Sørbrandal

Billett kr 200


Arrangement 11

Forfattarmøte. Laurdag 31. juli kl. 18.30

Tussa-kaia, Sørbrandal

Billett kr 200

I slutten av juli kjem altså Tore Kvæven til Åram pluss.

– Eg set pris på å kome ut på slike tilskipingar. Her kan eg møte både lesarar og andre forfattarar. Det er viktig, og noko som eg set pris på, seier Tore Kvæven. 

 Frå intervju publisert i Synste Møre 8. juli 2021

Tore Kvæven, forfattar

­

Håvard Svendsrud gler seg til å halde konsertar i Vanylven igjen


Håvard Svendsrud gler seg til halde konsertar i Vanylven igjen saman med dyktige musikarkollegaer. Under Åram Pluss blir det konsert både på Helse- og omsorgssenteret på Fiskå og i forsamlingshuset Fredheim på Sørbrandal.


– Det er alltid kjekt å kome til Vanylven. Og no er både publikum og vi så sugne på å få kome saman og halde konsertar, seier han. Under pandemien har det går på «sparebluss», men Svendsrud vil ikkje klage. Med ein god porsjon kreativitet og fleksibilitet har han halde det gåande gjennom desse to åra med plateinnspelingar, produsentjobbing, noko skriving og små konsertar. Det har gått bra, sjølv om det – som han lett ironisk uttrykker det – ikkje akkurat har blitt nokon inntektstrekord.


Svendsrud er i dag ein av dei aller fremste utøvarane på trekkspel i heile landet. Sjølv kvir han seg litt for å sette to strek under den påstanden, men seier at han i alle fall har vore av dei mest aktive på instrumentret dei siste åra. I over 20 år har han drive som frilansmusikar har halde konsertar og gitt ut plater. Og han har gjennom musikken han har framført, vist for eit allsidig instrument trekkspelet er. Ei litt spesiell oppleving i karrieren er den perioden han var kyrkjemusikar i Vanylven.

– Det var vel tilbake i 2010 det. Ei triveleg tid, og ei glede å oppleve dei flotte kyrkjene som var så gode å spele i. Eg gler meg til å kome tilbake til Vanylven saman med fiolinisten Arvid Engegård og bassisten Svein Haugen, to svært dyktig og erfarne musikarar, blant anna frå Filharmonien. Meininga er at vi skal halde ein konsert med blanda innhald – både klassiske stykke og det vi litt upresist kan kalle meir folkelege melodiar.

– Og så skal de ha konsert på Omsorgssenteret?

– Det skal vi, veit du. Det blir ein rein Bolstad-konsert. Eg har reist rundt med programmet «Per Bolstad i ord og tonar» sidan 2015, og stort sett er folk svært begeistra for den flotte musikken Per Bolstad laga. Totalt meiner eg det er snakk om minst 600 komposisjonar, så her er nok å ta av! ler Svendsrud.


Håvard Svendsrud er elles godt kjend i Vanylven. Kona, Karen, er frå Rusta på Fiskå. Og som han legg til, når det spesielt gjeld Åram Pluss i år:

– Og svigermor er frå Søre-Brandal, så det passar godt!


Skrive av Vidar Parr for ÅRAM PLUSS. Publisert i Synste Møre 26. juni 2021.


Arrangement 4a og 4b

Konsert: Engegård, Svendsrud og Haugen

16.00 og 19.00 Fredheim, Sørbrandal

To konsertar pga. avgrensa tal plassar i lokalet

Billett kr 300

 

 

– Det er alltid kjekt å kome til Vanylven. Og no er både publikum og vi så sugne på å få kome saman og halde konsertar, seier han. Under pandemien har det går på «sparebluss», men Svendsrud vil ikkje klage. Med ein god porsjon kreativitet og fleksibilitet har han halde det gåande gjennom desse to åra med plateinnspelingar, produsentjobbing, noko skriving og små konsertar. 

 Frå intervju publisert i Synste Møre 26. juni 2021

Arvid Engegård, fiolin,

Håvard Svendsrud, trekkspel, og Svein Haugen, kontrabass

­Brageprisvinnar Ane Barmen til Åram Pluss

 

– Eg gler med til festival! No treng vi å kome saman etter all isolasjonen vi har vore gjennom, seier Ane Barmen, ein av forfattarane som gjestar Åram Pluss i år.

 

Forfattaren frå Vågsvåg, no busett i Oslo, debuterte i 2019 med ungdomsromanen «Draumar betyr ingenting». Og for ein debut! Det blei både Bragepris og nominasjon til Nordisk Råds Litteraturpris i tillegg til klappsalvar frå eit samla kritikarkorps.

– Ja, det var heilt vilt! Eg hadde ikkje venta noko slikt i det heile, seier Ane Barmen.

– Og no er du klar med ny bok?

– Eg skal etter planen ut med ei bok i sommar – enten litt før eller litt etter Åram pluss. Det er ei vaksenbok denne gongen. Eg vågar ikkje seie så mykje om det endå. Eg er så nervøs...

– Men du har då til fulle vist at dette kan du. Her er ikkje noko å vere redd for!

– Eg skulle ønskje eg kunne tenke slik, ler Ane Barmen.

 

«Draumar betyr ingenting», som er tittelen på debutboka, er i utgangspunktet retta inn mot litt eldre ungdomar. Hovudpersonen, 17 år gamle Louise, er reist ut for å studere, men kjem heim til bygda i gravferda til bestemora. Desse triste omstenda gjer at minnet om bestevennen Tormod som døydde i ei ulukke året før, kjem tilbake med styrke. Louise isolerer seg frå folket og bygda, og går inni seg sjølv. Men så – i møte med demente Karen på sjukeheimen der ho sommarjobbar, skjer det noko som kanskje kan hjelpe henne vidare.

 

Boka starta som ei vaksenbok, men forlaget meinte at her var ting som gjorde at dette kanskje eigna seg vel så bra som ei ungdomsbok. Og det meste tyder på at rådgjevarane i Gyldendal her hadde eit godt poeng! Og Ane Barmen fortel at det faktisk ikkje var så veldig mykje som måtte endrast.

– Eg tenkte først at her må eg «legge ned» språket slik ungdomar forstår det. Men så tenkte eg at nei, vi skal ikkje undervurdere dei unge – dette tar dei! Og det ser ut til at dei har gjort, seie Ane Barmen.

 

Ho har elles ein samansett yrkeskarriere, den same Barmen. Ho er utdanna både musikkvitar og skodespelar. Ho jobbar ein heil del med dubbing av filmar og omsetjing av barne- og ungdomsprogram til nynorsk. Ho har og bak seg ei karriere som dialogforfattar og redaktør i TV2-såpeserien Hotel Cæsar – noko ho karakteriserer som «uhyre lærerikt». Ho skriv kronikkar, mellom anna  i Fjordenes Tidende, og  ho har, ikkje uventa, hatt sommarjobb på sjukeheim.

 

– Du har skrive boka di på nynorsk. Har du fått reaksjonar på det?

– Eg har høyrt eg blir kalla nynorskforfattar. Det er har gjort er å skrive ei bok på det språket er kan best og som står meg nærast. Å skrive på eit anna språk for å selje meir, er ei uaktuell problemstilling – her det berre å peise på med det ein er god til!

 

– Kvifor sa du ja til Åram pluss?

– Eg er naturlegvis fasinert av at ein har laga ein slik festival på ein liten stad. Men viktigare er at det verkar seriøst, spanande og interessant, rett og slett. Og dessutan: Eg har blitt fortalt at Tore Kvæven kjem. Det er ein av mine alle største favorittar, og ein grunn til å kome i seg sjølv, ler Ane Barmen.

 

Skrive av Vidar Parr for ÅRAM PLUSS. Publisert i Synste Møre 19. juni 2021.


Arrangement 9

Forfattarmøte: Ane Barmen i samtale med Marit Kaldhol

Laurdag 31. juli 2021 kl. 15.00

Tussa-kaia, Sørbrandal

Billett kr 200



– Kvifor sa du ja til Åram pluss?

– Eg er naturlegvis fasinert av at ein har laga ein slik festival på ein liten stad. Men viktigare er at det verkar seriøst, spanande og interessant, rett og slett. Og dessutan: Eg har blitt fortalt at Tore Kvæven kjem. Det er ein av mine alle største favorittar, og ein grunn til å kome i seg sjølv, ler Ane Barmen.

 Frå intervju publisert i Synste Møre 19. juni 2021

Ane Barmen, forfattar